Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 8, 2006

Klimakrise i Nordsjøen (Klassekampen onsdag 8.november 2006)

AnneViken-blog Med andre ord Torskebestanden tar seg kanskje aldri opp igjen, og det blir meldt om total hekkesvikt for sjøfugl i heile Nordsjøområdet. I mellomtida stig temperaturen i takt med CO2-utsleppa. Dalsfjorden. Tom Johannessen står på Bakkeneset i Holmedal og fiskar i fjorden. Timane går. Ingenting nappar. Fjorden ligg dørgande stille. For ti år sidan var det sjeldan ein ikkje fekk fisk, no er det sjeldan at ein får fisk. Johannessen ruslar tilbake til hytta. Kvar er fisken blitt av? Henning Vik sit utanfor naustet og speidar utover fjorden, men ingen fisk hoppar. Naboen har slutta å sette garn. Sjølv på hundre meter garn får han ikkje nok fisk til å fylle ei gryte, eller fø opp ein katt, som han seier det. Vik sjølv reiser ti nautiske mil vest om Bulandet for å hente opp torsk til lutefisken som heng under taket i naustet. Han synest utviklinga er skremmande, og den går fort. Forskar Reidar Toresen ved Havforskningsinstituttet i Bergen seier observasjonane til Vik og Johann