Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 13, 2007

Kveld i rottereiret - kick Jens' ass, Al Gore.

Ein perfekt vinterkveld i beinkalde Oslo, når det er sju minus utanfor tynne vindu og beinkaldt på rommet, er å sitte på kjøkkenet, drikke te, ete mandariner, høre på Band of Horses og synge høgt og falskt mens ein dunker i veggen berre fordi veggen er så tynn at den lager sånn hul skranglelyd. Kva er moralen her, for alt må vel ha ein moral sidan dette ikkje er ein kjedelig dagbok-blog, men ein krøllete samfunnskritisk blog. Moralen er vel egentlig berre at eg anbefalar å starte dagen på Blitz med kaffe, stearinlys og direktesendt slakt av al Gores Norges-skryt i landets mest innrøyka studio mens ein kjefter på Jens sin klimapolitikk og ber han ryke til Arktis for å sloss som eit realt mannfolk med kvar jævla isbjørn han kjem over. Eg hadde egentlig syntes det var litt gøy om Al Gore heller enn å prise Norges klimapolitikk, sparka Jens drithardt i ræva, slenge han rundt etter slipset eit par runder og sendte han avstad ut i verdensrommet. Lenge leve Blitz og leve meg. Og heia koselig