Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 3, 2008

4 000 treff

Wow. I dag passerte bloggen 4 000 treff sidan eg la inn tellaren i februar. Det er jo ganske kult. Eg veit ikkje kven det er som leser bloggen, eller korleis dei kjem seg inn på denne bloggen, via google? Om nokon har lyst å fortelle meg korleis dei finn denne bloggen, er det kjempekult. berre å kommentere. BLoggen er opna for kommentarer.

Muntleg og skriftleg nynorsk

Eg fann dette veldig bra innlegget på Firda-bloggen. Ho har eit svært godt poeng: "Dersom det vert tillatt ei innsnevring i språket som gjer at vi som brukarar ikkje lenger ser samanhengen mellom tale og tekst, ja då har vi tapt språket til ein liten akademisk ‘elite’ som vil vere i stand til å bruke nynorsk som skriftspråk, vanlege folk, som eg har tillatt meg å vurdere meg sjølv som, vil grøsse på ryggen og snu seg vekk frå skriftspråket om dei vert tvungne til å bruke ord i skrift som dei aldri ville tatt i sin munn." Det er viktig at ein i nynorsk ikkje må bruke ord vi finn unaturleg. då vil mange legge frå seg språket og det er nett dette som skjer. Eg fekk ein kommentar på ein blogg lenger nede her om at vi som kritiserar språket aldri kan legge fram eksempel på personar som har bytt til bokmål fordi nynorsken er for krøkkete. Eg for min del har mange mange eksempel på akkurat dette, men eg har ikkje tenkt å lufte namna på dei det gjeld her i bloggen. Dei får stå fram