Gå til hovedinnhold

Bygstadrevyen: homsehumor og bomskot på revysjangeren pluss enkelt glitrande sketsjar

Søndag var det revy i Bygstad, altså Bygstad-revy. Den vert omtalt som årets kulturhappening i bygda.

Dette set visse krav til at den skal vere bra, og ikkje berre vere årets fordi den tilfeldigvis er den einaste. Eg fekk på førehand beskjed om at eg ville forstå meir av Bygstad ved å sjå denne revyen, kva no det måtte bety, men iallefall drog eg på Samfunnshuset.

Revyen er prisa til stive 200 kroner, noko som er i overkant dyrt, men greit nok. Det skjer ein gong i året, og det ligg ei mengde arbeid bak. Det er sikkert verdt det. Søndag kveld klokka 19 var det ikkje fullt hus. Revynamnet er For fulle hus utan takhøgde, men det var sikkert fullt lørdag og på den tidlegare framvisninga søndag. Dette har eg ikkje sjekka, men det er sannsynlig.





Lat oss kike litt på papirprogrammet som alle besøkande fekk utdelt på stolane i salen. Det hadde bilete av to nissar og ei høg målestong utanfor samfunnshuset, mellom anna. Ganske morsomt. På side ein inni programmet var det ei "kjære publikum"-strofe frå revysjefen. Han er tydelig inspirert av mine debattar i Firda, og har tydelig teke det innover seg. Her står at "vi skal vere stolte av røtene, tradisjonane våre og det vi får til med våre små ressursar." Ja, sjølvsagt skal vi det. Ingen har sagt noko anna. Difor er det nesten så ein får medynk med revysjef-helsinga. Den er så stakkarslig.

Kvifor ikkje dra litt på og sei at vi er best, og det har de å akspetere heller enn å bruke tid på å tilbakevisa påstandar som aldri har blitt framsett? Programmet i sjølve revyen har enda ikkje starta. Eg håpte at den ikkje skulle vere prega av vidare hårsårhet, men heller litt sjølvtillit.



Første akt var rett og slett kjedelig. Eg såg på klokka. Eg var også usikker på kor streng ein skal vere med ein bygderevy. Skal ein sei det ein meiner, eller klappe i taket? Firda hadde dagen etter ei melding med terningkast fire. (Den ligg ikkje på nett, men denne saka ligg på nett). Men når eg såg kva journalist som har skrive, sank forventningane både til innhald og analyse. Sakene var også platte referat og tydelig prega av ein journalist som fell gjennom på kulturdekning.

Medan Firdas meldar meinte revyen leverte eit leggspark til meg, må eg ærlig innrømme at eg ikkje oppfatta noko leggspark i min retning i revyen. Det som kunne vere leggsparket, var sluttsketsjen med fjøsnissen Arnt Henning Kårstad der Hildegunn Otterstad ramsa opp ei liste over positive ting som skjer i Gaular for nissen. Dette var vel mest av alt eit stygt leggspark mot revyen sjølv, som framla dårlig sjølvtillit (vi MÅÅÅ fortelle folk kor bra vi er i reine ord!!) og som heller ikkje maktar lage revy av debatten. Denne debatten hadde vore råenkel å lage dei villaste parodiar på, men den sjansen let dei gå frå seg. Kva med å fortelle om alle steinøksbrota i Bygstad eller at vi nett har fått ny hule på Hjelmeland, eller nisseluefabrikk? Mulighetene er store. Derimot nytta dei scena til å framlegge tørre fakta. Vi har i Bygstad Åmot gard, vi har Storehesten opp, vi har Bygstadrevyen.. vi har zzzz . Jada. move on.

Revy er parodi, revy er spel på virkeligheten. Revy er ikkje å gjengi virkeligheten. Dette beherskar revygjengen berre til ein viss grad.

Ålreit, frå sanning til gjennomgang. Lat oss starte med første akt. Her var ein sketsj om den lokale grunderen Helge Kårstad som måtte haldast nede fordi han meinte han var best: "Gud, eg er den lokale dramuen, og ein gullgut", song han frå badestampen på Rytnetunet oppe under Storehesten medan han vart vaska på ryggen med ein oppvaskbørste. Dette nummeret var så som så. Utan Helge hadde vel Bygstad neppe vore det Bygstad er, men alright. "Dette må vi tole", sa Hildegunn Otterstad om å bli parodiert i ein revy. "Det er nemlig ei ære".

Ære? Ja, eg er enig i det, men det er litt ærelaust når ein får ufortjent dårlige manus til parodien på seg sjølv, slik Kårstad fekk her.

Revyen får fram poenga sine: Helge Kårstad har i overkant mykje tru på seg sjølv, men det blir ein miks mellom amatørhumor og mangel på gode manus, noko som i sin tur gjer at mykje framstår som flau harselas heller enn revy. Som dette nummeret om Helge Kårstad.

"Må berre ha den... " om Firda var forsåvidt morsom, om enn altfor langdryg. Fødselsannonser med Halldor Bringeland var utan tvil første akts høgdepunkt. Den var råmorsom. Her traff dei parodi og humor med eit smell. Her makta dei å kombinere harselas med humor, samt lage real satire der ein trekk virkeligheten over i det absurde, og der det du seier, ikkje lenger kan vere reelt. Det er over kanten.

Dette lukkast ein i liten grad med i fleire andre sketsjar der poenga var for lite trekt ut til at dei nærma seg verken satire eller parodi. Dei vart berre halvdårlige og upresise gjengivelsar av klisjear vi alle har tenkt før. Blant anna når dei i eit nummer sa: "VG skremmer oss. VG er ute etter å skremme oss" (sitata er ikkje heilt presist gjengitt, men dette var essensen).

Problemet med å sei at "VG skremmer oss", er at det er ikkjje morsomt. Det er ikkje overraskande, det er ikkje på sida av virkeligheten. "VG skremmer oss" er ein klisje,: Klisjear byr aldri på noko nytt: En klisjé er oftest, og i overført betydning, en forslitt og mye brukt uttrykksmåte.

Men heller enn å finne på noko parodisk morsomt, smurte revyen om seg med lette klisjear. Blant anna i sketsjen "Eg hakje nåke å gå me... " der Per Berge ikkje klarer bestemme seg verken for skjorte eller slips, medan kjæresten, Mette Grytten, er klar på fem minutt. Det er ovendte kjønnsroller og fungerer veldig bra. Heilt til Berge på slutten drar ein klisje: "Du veit, dissa kvinnfolka blir aldri ferdige"...

Men tilbake til den vellykka parodien "Fødselsannonsar" der Halldor Bringeland snakte om korleis alle fødselsannonser er like:

"Ser du forskjell på dissa babyane?" spurde han. "Dei bruka da same bilde i alle annonsene. Og i alle står da "lukkelege foreldre". Kvifor ikkje skrive "slitne foreldre? Og alternativ far ein, to og tre? Mor 173 centimeter, 128 kilo heller enn barn 53 kilo og 4321 centimeter "... osv.

Eg tenkte at dette er egentlig ein slags harselas eller parodi på heile Firda, eller ei slags parodi med dei som er misnøgde med Firda: og slik fungerer den utmerka: "Ser ikkje de også at fødselsannonsene er heilt like frå gong til gong? Nei, kva skal vi med slik avis etter.." Det seier jo seg sjølv at påstanden om fødselsannonser fell på eiga urimelighet. Fødselsannonser er og vil bli like. Dette er parodi. Det han snakker om er langt over kanten for kva som faktisk kan skje.

Så kom det nokre nummer som fall tvers gjennom, blant anna "Tabletta" om paracettar. Det var atter ein klisje (legar er udugelige) som ein ikkje makta gjere til noko anna enn nettopp ein klisje. Ein makta ikkje lage parodi eller revy.

Underbuksehumor var forsåvidt grei. Heia Gaular var veldig bra.

Så var det pause og det var godt.

Andre akt hadde nok høgdepunkt, og her var nivået langt betre enn i første. "Veivise" var min favoritt, utan tvil. Dette nummeret må revyen gjerne legge ut på youtube.com. Det handla om at transportselskapa i kommunen vil ha betre vegar. Dei song til ordføraren i Gaular, Jenny Følling:

Jenny - vi ve ha stripe midt i vegen. Vi kan ikkje ha det slik.
Jenny - vi treng ferjefrie fjorda!

Det var fantastisk morsomt. Årsak: ein kjenner seg igjen i saka, OG revyen har makta å lage parodi av det heile, ikkje berre gjengi problema smal veg, dum ferje.

Smale vegar, ferjekøer omgjort til ein absurd morsomt tekst med god melodi. Det satt.

Så var det ein sketsj om Åmot gard. Denne var flaust av alle. Her sang Steinar og Ynge "Vi er så glad, vi kjører samme fil, det går så bra". Seriøst. Er det virkelig morsomt å lage "parodi" av at folk er homo??

"Vi kjører samme fil".. ??

Eh. Dette var revyens mest flaue sketsj. Her klarte ein ikkje balansere innanfor parodi, humor og det ein vil kalle for tja, opplyst eller intelligent humor. Det blei litt plumpt. Må vi virkelig harselere med homofile på ein slik banal måte? ER det virkelig så kuriøst med homser? Ja, det ser litt slik ut på revyen. Herregud, får eg lyst å sei. Det seier mest av alt noko om dei som har laga sketsjen: dei anser fortsatt det å vere homse som noko "kuriøst" og "parodierbart". Kall det uopplyst. Eventuelt flaut. Dette er litt av det eg påstår er eit problem med Sogn og Fjordane: ein endar opp med banalitet både i debatt og ellers. Bygstad-revyen bekreftar dessverre dette inntrykket.

Eg vil tru det tek ekstremt mykje tid å lage ein slik revy, men eg ville ha brukt ein del meir tid på tekstane. Dette er ein revy, og revy er gøy, men revy skal også vere revy, og store deler av Bygstad-revyen mislukkast med akkurat det siste. Skuespelarane derimot, var glitrande og til tider imponerande. Særlig Martin Yndestad og Per Berge. Arnt Henning Kårstad var også glitrande som fjøsnisse. Gode skodespelarar redda utan tvil store deler av revyen.


.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys