Gå til hovedinnhold

Veterinær i Tine, Liv Sølverød, vil heller ikkje besvare kvifor Tine lyg. Løgn er ein del av Tines strategi. Etterpå skal den tildekkast.

Tine lyg på tv, i aviser og på melkekartongar. Dette vil dei ikkje dementere. Dei held på sitt, og legg sjølv fram statestikk som dokumenterer at dei lyg. Det er spennande. Det er artig å jobbe med denne saka, og eg får stadig meir tåkete informasjon i hende frå Tine. Dei har invitert meg på møte, og dette skal eg virkelig vurdere. I mellomtida publiserer vi litt saker og ting på denne bloggen. Internett er sabla effektivt.

Sitata under er henta får kommentarfeltet på denne bloggposten.

Eg skriv i kommenterfeltet til Liv Sølverød:

Hei.

Ja det hadde vore interessant å møtes, men eg vil gjerne ha dokumentasjon på dette Galtung har sagt om at det mest vanlige synet er at norske kyr går ilag med kalv.

Kunne du skaffe meg dette, eventuelt kan de innrømme at dette er feil? Eg jobbar med større prosjekter og treng denne kunnskapen der. Eventuelt må eg skrive at de framset faktafeil som de i etterkant tviheld på.

Galtung vil ikkje svare på det. her er linken til saka hos ABC:

http://www.abcnyheter.no/nyheter/miljo/100907/tine-lyver

Sitat frå saka:

- Veterinær Anne Viken skriver i et blogginnlegg at reklamen er misvisende fordi melkekyr og kalver går i samme innhengning?

- Det er nok forskjellig fra gård til gård. Men helt urealistisk er det ikke. Reklamen er et utsnitt av virkeligheten. Det er mange versjoner av den, og denne er den mest sannferdige, seier Galtung.

Han har i ei rekke mail skrive at Tines veterinærar stiller seg bak dette sitatet, eg reknar med du er ein av dei. Han har sendt meg ei rekke merkelige epostar med ubegrunna påstander, og oppgir støtte blant dykk. Eg har litt trøbbel med å ta det på alvor, og eg antar også at de, om eg skal inn på møte, kjem til å servere meg like hardcore propaganda som vi som veterinærstudentar vart servert av Prior og andre. Det var kvalmt. Eg forstår ikkje problemet med å snakke sant. Kva har de å skjule? Just asking. Vi er mange som lurer, og ei heil rekke veterinærer som rister på hodet. Vi veit jo at det er usant.

Sølverød svarar under, merk at ho unngår formuleringa "mest sannferdige" og kjem med ei rekke generelle formuleringar. Sølverød er veterinær. Sølverød jobbar for Tine:


Hei Anne.

Filmen er ment å vise vanlige forhold for norske kyr en sommerdag - at de er ute.
Filmen viser også at melkekyr og kalver går på samme beite. For noen gårder er driftsopplegget at storfe av ulike aldersgrupper beiter sammen. (ja, nokon kyr har til og med juletre i fjøsen, men eg spør jo om det mest sannferdige er at ku går med kalv slik Galtung seier!!!)

Opplegg for beitedrift varierer fra gård til gård utfra tilgjengelige beitearealer. Mange gårder har egne beiter for kalver og ungdyr. (jada, jada, men eg spør jo om det mest sannferdige er at ku går med kalv slik Galtung seier!!!)

Denne variasjonen er kjent for alle som jobber med norsk storfehold. Det finnes ingen tall som beskriver detaljert forekomst av de ulike driftsopplegg. Som du er klar over er det stor variasjon i driftoppleggene i norske storfebesetninger. (jajajaja kutt ut dette tompreiket, spør om det mest sannferdige er at ku går med kalv slik Galtung seier!!!)

Det er derfor vanskelig i en kort filmsekvens å fremstille alle varianter på en fullverdig måte, noe vi håper du forstår. (ja sjølvsagt, det er jo ein reklamefilm, men eg spør jo om det mest sannferdige er at ku går med kalv slik Galtung seier!!!)

Du hevder at reklamen er misvisende fordi melkekyr og kalver går i samme innhengning?
Det er mulig at vi kan ha snakket forbi hverandre i denne diskusjonen om vi ikke presiserer at det forskjell på kalv og spekalv. (ja det veit eg jo, kalvane i reklamen er ikkje spekalv, men eg spør jo om det mest sannferdige er at ku går med kalv slik Galtung seier!!!)

Det TINE har omtalt som naturlig, er kalvenes omgang med andre dyr på beite. Bildet er derimot noe annet om vi snakker om spekalv som ikke vises på filmen. Vi har aldri hevdet at det er vanlig driftsopplegg at spekalver går ute med norske melkekyr. Dette er derimot vanlig driftsopplegg i storfekjøttproduksjon. (ja, det veit eg, men Tine driv ikkje med kjøt? eller har de begynt med det no i det siste? eg spør om det mest sannferdige er at ku går med kalv slik Galtung seier!!! kan du svare på det snart, eller?)

I Norge blir spekalvene som oftest skilt fra kua en stund etter fødsel og vokser opp i egen spekalvavdeling, men her er det også ulike driftsopplegg fra gård til gård. Enkelte steder har spekalvene tilgang til uteareal, men vanligvis oppstalles de inne til melkeforingsperioden er avsluttet. (ja, men eg spør jo om det mest sannferdige er at ku går med kalv slik Galtung seier!!!)

Liv Sølverød

(ja, men eg spør jo om det mest sannferdige er at ku går med kalv slik Galtung seier!!! OG eg fekk ikkje svar.

Tine vil verken dementere påstanden, eller framlegge dokumentasjon. Tines faktafeil fremmer bondehat, men dette driter Tine loddrett i. Tine har dokumentert sjølv at dei er uetterrettelige.


.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys