Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2010

Godt nytt år!!

Godt nytt år til alle lesarar og ikkje-lesarar. Eg er snart tilbake på blogg etter reiser i Afrika og juleferie. Det er digg å ta seg ein pause frå livet online, men det blir kjekt å kome tilbake også. Bloggsfæren er ei form for anarkisk. Lat oss dyrke anarkiet også i 2011. Godt nytt bloggår!

Afrika - blogg - jul

Eg er for tida i Afrika. Deretter er det juleferie. Bloggen vil difor ikkje bli oppdatert i heftig tempo i perioden fram mot nyttårsaftan. Det blir også dårleg med svar på kommentarar de postar. Etter nyttår er eg back in bissniss. Då kjem eg til å poste nytt stoff samt svare på kommentarar. I mellomtida kan eg på det varmaste anbefale Afrika som reisemål. Bilder og stories kjem seinare. Og stem på årets bygdeprofil. Linken finn du her. God adventstid så lenge!

Ave Eva

Her for ei veke sidan stod eg på Gardermoen. Bok!! Eg treng ei bok. Ut av hylla plukka eg Ave Eva av Edvard Hoem. Greit nok. Tjukk. Den held heile flyturen og eit par kveldar, eller fem. Dette er eigentleg ei slik bok som ein ikkje bør omtale. Då blir kanskje magien rundt romanen borte. For dette er fortelling i særklasse. Det er sjeldan ein les så gode, så godt gjennomførte intrikate handlingar, gjennomarbeida romanar. Ofte er det enkelt, lette historier. Det er langt mellom dei store forfattarane. Greit nok. Dei fleste skriv for innkjøpsordninga og ein gjennomsnittleg debutant sel rundt 250 bøker. Det er mindre lesarar enn eg får om eg publiserer her på min blogg. Kvifor då skrive bok? Uansett. Kunsten skal leve osv, vi skal ikkje gå inn på det her.. Berre eit lite spørsmål: kva er poenget med ei bok ingen les? Men tilbake til Ave Eva. Dette er ein slik storslått roman, eit episk drama alla Herbjørg Wassmos "Dina". Ave Eva er ein storslått roman. Den gjer inntrykk. Den

Industrialisert økolandbruk

Visste du at økologisk landbruk er like industrialisert som konvensjonelt? At økologiske gardar er i snitt større enn konvensjonelle i Norge? At det er noko som heiter økologisk industrilandbruk, og at det er dette vi i stadig større grad får våre økologiske matvarer frå? .

Uganda, eit kort reisebrev

No er bloggen forsømt. Årsak: eg er i Uganda. Uganda er Afrikas perle seier dei. Det er på grunn av naturen. Her har dei Nilen og jungel og gorillaer. Det er dessutan billeg å reise hit, billeg å ete her, leve her, reise rundt her er ganske dyrt i grunn, trygt å bevege seg er det også, her er høner tett i tett stabla i bur langs veien. Etc. Det er eit utviklingsland, men om du vil til Afrika, er det eigentleg ingenting å lure på. Det er berre å reise nedover. Her er palmer og det er veldig digg å sitte ute og høyre på grashopper og hundeglam heile kvelden medan ein drikk kald Nile-øl til 2,50 kroner. Til no, desse siste tre fire dagane, har ein eigentleg berre slappa av og vore rundt i Kampala. Besøkte Makeere universitetet og det var eit svært område. Her hadde dei ein okse med ein halv kalv fastvoksen på ryggen. Altså eit slags misfoster. Det var eit underleg skue. To tvillingar der den eine har endt opp med å bere rundt på den andre resten av livet. Kyrne har har forresten heilt