Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 10, 2010

Kjønnsforskarane treng akutt hjelp med si mediehandtering #hjernevask

Frå arkivet på pcen. Hjernevask er eit slags skule-tv for kjønnsforskarar. Det har oppstått i eit vakuum i kultur-Oslo. Det vi er vitne til på skjermen, er eit slags gjengoppgjer pro og kontro-biologiens betydning. Der nokre få kulturkjemparar har teke på seg jobben med å bekjempe eit slags skadedyr, kjønnsforskarane, som vi etterkvart er mange som har sett oss grundig leie på. Gong på gong framstår dei som arrogante debatthindrarar, som eit lukka miljø som mest av alt framstår som reinspikke underhaldning, som ein av landets leiandre redaktørar sa til meg på ein viss hagefest i 2009. Deira seriøsitet er synkande. Deira arroganse enorm. Likevel er dei synlige i media. Og kvifor er det slik? Fordi vi er opptatt av sex og sånn. Kjønnsforskning er eit tabloid tema, diverre fronta med skinnheilag arroganse og sanningsmonopol. Kjønnsforskning har eit demokratisk problem. Det dei driv med er ikkje truverdig grunna måten dei framstår på. Eg har lyst å bruke ordet pseudovitskap,