Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 22, 2010

Bestialsk landbruk - min signert-artikkel i helgas Klassekampen

For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfelle godt kjeft om det dei har sett. .. Veit norske politikarar korleis verda er der ute, eller er dei like naive som Brekk? Brekk er totalt utan eit internasjonalt perspektiv, han framstår som kunnskapslaus. Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Slik går det når ein ikkje er villige til å betale for maten: når forbrukarane krev lågare prisar, staten ikkje vil subsidiere, og profitt er det einaste målet. Er det slik vi vil ha det i Norge? Produksjonen per ku er her omtrent det doble av i Norge. Antal celler i melka så høgt at den her i Norge ville ha blitt nedklassa eller ein hadde fått forbod mot å levere den til meieriet. Fleire av kyrne har kroniske infeksj

Auksjon på Heimly i Bygstad 22.mai 2010

Dei starta halv ti om morgonen og vi var vel ferdige i sjutida på kvelden, ca. Det var moro!

Bestialsk landbruk

For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfelle godt kjeft om det dei har sett. .. Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Slik går det når ein ikkje er villige til å betale for maten: når forbrukarane krev lågare prisar, staten ikkje vil subsidiere, og profitt er det einaste målet. Er det slik vi vil ha det i Norge? Produksjonen per ku er her omtrent det doble av i Norge. Antal celler i melka så høgt at den her i Norge ville ha blitt nedklassa eller ein hadde fått forbod mot å levere den til meieriet. Fleire av kyrne har kroniske infeksjonssjudomar. Johne’s disease, eller paratuberkulose, sprer seg frå mor til kalv. Når kyrne er nokre få år gamle, slår den ut. Dyra visnar gradvis vekk og dør. Dei går som