Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 10, 2011

Sjølvhjelpslitteratur gjer deg til ein egoist. Litteratur gjer deg klok.

Denne kommentaren stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 8.januar 2010. Før jul tenkte eg at i 2011 skal eg bli eit betre menneske. Så kva skal ein stakkar gjere. I ein artikkel på Aftenpostens kultursider las eg at eg kan bli egoist, ja ein kunne enda til få lokka fram sin indre psykopat om ein les for mykje sjølvhjelpsbøker. Egoist er eg frå før, psykopat treng eg ikkje bli. Eg vurderte risikoen som ikkje verdt å ta, og på veg bort frå sjølvhjelpshyllene ramla eg over Edvard Hoem. Hoem er ein mann med mykje hår og mykje stemme som skriv mangt og mangfaldig. Blant anna boka Ave Eva. Så kva lærte eg av Ave Eva? Eg lærte at ikkje bør rømme frå kjærast og barn utan å sei frå, samt at odelsretten er ei last som kan ødelegge liv. Neste bok ut var The Glass Castle av Jeannette Walls. Her las eg at foreldre ikkje bør bruke pengane sine på alkohol når dei har fire ungar som treng mat, samt at ein ikkje skal køyre lastebil i mange timar med eit spebarn laust ligg

Eg trur ikkje livet ditt blir betre om du legg ned din Facebook-profil. Ein treng ikkje velge mellom fuglesong og Facebook. Velg begge. Bruk dei med vett.

Kva med å bruke vettet? Internett er ikkje farleg. Det gir deg store muligheter og stiller store krav til ditt brukarvett. Greier du balansen? Internett et seg inn i livet ditt, et seg inn i jobben din, et seg inn i hovudet ditt. Til slutt må du berre stikke av, skaffe deg ein hest, bryte ut av samfunnet, rømme til skogs. Internett er etter deg, over deg, over alt. Og om du ikkje har evne til å ta kontrollen, tek det kontrollen over deg. Og no snakkar eg ikkje berre om sosiale medier. Eg snakkar om forfattarar som må rømme ut i skogen på hytter utan internettilgang og mobildekning for å makte og gjere ferdig sine manus. Dei greier ikkje logge av på andre måtar. Er det avhengighet? Vi blir fortalt og smurt øra fulle av at vi blir avhengige av internett, vi blir fortalt at det virkelige livet der ute er så mykje betre enn livet på nettet, vi blir fortalt at vi skal brenne ut før vi er tretti, før vi er tjue, før vi er femten. Vi skal lide for vår internettilgang. Det er iallefall sik