Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 6, 2011

Gøsta Berlings saga - trolldom og segner

Eg har lese Gøsta Berlings saga av Selma Lagerlöf og kan ikkje skjøne at eg ikkje har lese dette før. Og ein kan spørre seg: kva skal vi eigentleg med alle våre dagars sjølvhjelpslitteratur eller bøker om frustrerte sjeler på jakt etter meininga med livet når det berre er å bla opp i den litt eldre litteraturen der klokskap og vett er godt bevart? Hovedpersonen er Gøsta Berling. Han er avsett frå sitt presteembete fordi han drikk. Boka er basert på gamle segner og historier frå tidleg attenhundre i Värmland. Den vonde kjem ut av peisen på julekvelden og lever som bonde midt blant menneska. Midtsommars køyrar han i sin galskap slede til kyrkja iført ulveskinnspels. Bjørnen som herjar i sauefjøsane må skytast med ei sølvkule. Det er fagre jomfruer, avsette prestar, trolldom og kjemper til menn. Ikkje som i billig pocket, men som i sagaen. I den mørke värmlandske skogen vert hestar og folk jaga av ulveflokkar, trollkjerringar kjem til bygds og nedkallar forbannelsar over baronessa som