Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 13, 2011

Det er ikkje berre dyrevern å vere mot pels, det er fagekspertise

Det er ikkje dyrevern å sei nei til pels. Det er fagkompetanse i praksis.  Kronikk trykt i Firda 13.april 2011 etter Aps landsmøte. «Dyrevernarar kuppa Ap» stod det på framsida av Firda mandag 11.april. Dette er ei sanning med modifikasjonar. Det er lenge sidan det var utelatande dyrevernarane som arbeidde for å få lagt ned pelsdyrnæringa. No er det fagfolk som står på barrikadane. I Firda mandag seier pelsdyroppdrettar Finn Årdal at avgjerda på Aps landsmøt, der dei går inn for avviklikng av pelsdyrnæringa, er eit resultat av ein kampanje frå dyrevernarar, der NRK spesielt har slukt materialet rått. Folk gjer seg opp meiningar ved det dei får servert i media, seier Årdal og ein kan spørre seg korvidt Årdal har fulgt med på fagdebatten rundt pels dei seinaste åra.  Det er ikkje berre såkalte dyrevernarar som er mot pels. Det er også ekspertise- og fagmiljø, og det er desse Ap viser til i sin uttalelse frå landsmøte: «Arbeiderpartiet mener det er forbundet med store utfordringer