Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 17, 2011

Kvifor pelsnæringas argument ikkje bit på oss

Det er samfunnsetikk, ikkje praktisk kunnskap, det handlar om. Difor kan ein ikkje avvise folk på Grünerløkka for å vere kunnskapslause når dei seier nei til pels utan nokon gong å ha vore i ein pelsdyrgard. I Firda 12.april seier pelsdyrbonde Dan Ole Alme at han har vanskar med å akseptere at politikarar som ikkje har teke seg bryet med å besøke ein pelsdyrgad skal felle dødsdommen over næringa. Men fordi det er etikk dette handlar om, kan ein ikkje kritisere politikarar som tar avstand frå pels for at dei aldri har vore i ein pelsdyrgard.  Samfunnsetikken er dynamisk og i utvikling, den er idebasert, mindre enn praktisk erfart, og difor er det ikkje ulogisk at vår tids urbane befolkning seier ja til å verne ulven som våre foredre kjempa mot i hundrevis av år. Den gong handla ulvejakta om overlevelse, men idag har vi kome lenger i Maslows behovspyramide. Vi lever på toppen, og fordi vi lever på toppen, meiner mange at vi kan tillate oss å sei ja til ulv. Og fordi vi lever på t