Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 12, 2011

Blant rein og finhakka björnar

Denne sommaren har eg budd på eit toetasjes stabbur ved Storsjöen i Jämtland. Rundt stabburet, som er frå 1700-talet, går det hestar, solnedgangane er magiske og landskapet eventyrleg vakkert. Her jobbar eg som veterinär. Det er underbart. Sidan mange distriktspraktiserande veterinärar i Norge for det meste står med handa i rumpa på ei ku og inseminerer, fann eg ut at det var betre å forlate landet. Livet er for kort til å levast i ein kutarm. Dessutan hadde eg ingenting imot å krysse grensa. Sverige er eit flott land, språket poetisk vakkert, og ein del ville nok blitt paff over kor mykje töffare ein del reglar for hald av husdyr er i vårt blågule naboland. I Sverige er mange veterinärar, også eg, ansett i Jordbruksverket. Vi held til på veterinärstasjonar med alt utstyr, har mange kollegaer og köyrer raude veterinärbilar. Vi inseminerer ikkje. Bileta her er frå merking av reinsdyr i Härjedalen i juli. Vi måtte stå opp klokka to om natta for å drive reinane inn i dei runde gjerda