Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 7, 2012

Tabloidmediene jagar lesarar over i nisjemedier

Ved å vere populistiske og overflatiske, jagar tabloidene høgt utdanna lesarar over i nisjemedier og halvoffentligheter. Vi treng ei sosialt inkluderande offentlighet, og det er ingen grunn til å tru at dette inneber ein vulgær og uinformert debatt i eit land med eit så høgt utdanningsnivå som Norge, står det i innleiinga til antologien Demokratiet før og nå som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlighet, ser vi at påstanden er naiv. Eit eksempel på ei sak som har skapt myke liv i pressa siste vekene er saka om Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Utdanning polariserer Eg er ikkje ein av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2, høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag. På samt tid er eit fakt