Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 1, 2013

Elise går til filmen

No kjem det ny bok om Elise i midten av august. Den heiter Elise og mysteriet på hesteklinikken og er ein frittståande oppfølgar til bok ein, Elise og mysteriet med dei døde hestane (2012). Så sat eg her då, og lurte på kva eg skulle finne på. Når eg skriv tenker eg i film. Alt eg skriv ser eg føre meg i filmatiske scener. Kvar kjem folk inn i biletet frå, kvar går dei, korleis ser dei ut, korleis signaliserer dei sine mellommenneskelege relasjonar til kvarandre. Alt går i film i mitt hovud. Med musikk til, og med fortellarstemme. Så kva var vel meir naturleg enn å lage nokre korte filmar om Elise, basert på manusa til bok ein og bok to? Som sagt så gjort! Eg fekk med meg Jørn til å filme, og så begynte planlegginga. Først måtte eg finne Elise, og så måtte eg finne Kalle. Elise er hovudpersonen og Kalle er dyrlegeonkelen. Eg var kjempeheldig og fann to som var veldig positive, og som passa kjempebra til oppgavene. Det er berre heilt supert. Kalle ser du i neste bloggpost. Han var ik