Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 17, 2013

Då har Elise og mysteriet på hesteklinikken kome frå trykken!!

Mange snakkar om at å gi ut si første bok er ein grand happening, men eg er faktisk meir begeistra for tanken på å sleppe bok to om Elise, Elise og mysteriet på hesteklinikken , enn eg var for bok ein. Og det trur eg er fordi eg har kome ein del lenger i utviklinga av meg sjølv som forfattar. Bok to var ikkje så vanskeleg å skrive. Bok ein var tidvis eit lite mareritt å få ferdig, medan bok to berre gjekk av seg sjølv. Eg tar plottbygginga fleire hakk vidare frå bok ein. Dessutan: eg berre digger det omslaget. Det er kanonfint. Øystein Vidnes er mannen bak. Det tok litt tid å få ferdig omslaget, vi gjekk ganske mange rundar med det, men då det først førelåg i den versjonen de her ser, var eg strålande nøgd. Det er Elise. Omslaget til bok ein ser eg i ettertid at kunne ha vore ei aning mindre dunkelt og mørkt. No er eg særdeles spent på kva publikum vil sei om Elise og mysteriet på hesteklinikken. Bok ein vart svært godt motteken, har fått utruleg mange tilbakemeldingar frå publ